Praktisk informasjon
FolkRekrutt startar opp att våren 2021. Dette blir sjette året kurset blir arrangert.
Aldersgrenser
for dei ulike tilboda:
Dans, song eller fele
Aldersgrensa for å vere med er 6 år. Skal du delta på fele må ha spelt i minst eitt år. Du treng ikkje å ha noko forkunnskap på song og dans.
Toradar eller trekkspel
Aldersgrensa for å vere med er 10 år, og du må ha spelt i minst eitt år.
Kva kostar det?
Kurset kostar 600 kr for sesongen 2021, dette inkluderar alle måltid. Betalingsinformasjon får du når du har registrert deg som deltakar på FolkRekrutt.
50 % søskenmoderasjon: 300 kr pr deltaker frå barn nr. to. Eks: har to to barn betaler du 600kr+300kr=900kr
Pakkeliste
Du tek sjølvsagt med det du vil, men dette må vere med:
Sovepose
Liggeunderlag
Handklede
Instrument
Sko til å danse i (om du er dansar)