Om FolkRekrutt
FolkRekrutt er eit rekrutteringsprogram for vidarekommande unge folkemusikarar frå 6-18 år. Vi har som formål å drive opplæring av barn og unge innan tradisjonsmusikk og -dans på tvers av kommunar og regionar i Gudbrandsdalen. Slik vil FolkRekrutt vere med å styrke miljøet blant barn og unge.
FolkRekrutt startar opp att våren 2021. Dette blir sjette året kurset arrangerast. Ungdommar frå Gudbrandsdalen og omegn er velkomne til å vere med.
Vi arrangerer to kursdagar denne sesongen, og håpar å kunne gjennomføre på ein trygg måte trass covid-19. Vi har fått tak i nokre av landets fremste utøvarar på sine instrument. Om det let seg gjere, legg vi til rette for sosialt samvær utover kvelden, men meir info kjem om dette når det nærmar seg.
Aldersgrenser
for dei ulike tilboda:
Dans, song eller fele
Aldersgrensa for å vere med er 6 år. Skal du delta på fele må ha spelt i minst eitt år. Du treng ikkje å ha noko forkunnskap på song og dans.
Toradar eller trekkspel
Aldersgrensa for å vere med er 10 år, og du må ha spelt i minst eitt år.