Program for samlingane i FolkRekrutt 2021
Vi arrangerer vi to kurshelger denne sesongen, kun på dagtid. Dette er fordi vi ønskjer å kunne gjennomføre trass Covid-19. Smittesituasjonen blir sjølvsagt vurdert når det nærmar seg samling, men vi jobbar mot å kunne gjennomføre.
Første samling
27. februar, Vågåmo Skule
Laurdag 27. november
11.00: Oppmøte
11.30–17.00: Undervisning med pauser og lunsj.
17.00: Middag
18.00: Konsert for kvarandre, og miljøkveld (dersom det er gjennomførbart mtp. smittesituasjonen)
OBS! Endringar kan kome.
Moavegen 32, 2680 Vågå
Andre samling
10. april, Dovre Skule
Laurdag 10. april
11.00: Oppmøte
11.30–17.00: undervisning med pauser og lunsj.
17.00: Middag
18.00: Konsert for kvarandre og miljøkveld (dersom det er gjennomførbart mtp. smittesituasjonen.
OBS! Endringar kan kome.
Kongsvegen 6, 2662 Dovre

Miljøkveld og dansefest!
Vi samarbeider med dei lokale spelemannslag om å lage trivelege miljøkveldar med mat, konsert og dans.
Kva syns dei som har delteke på FolkRekrutt tidelgare?
«Det var artig, sosialt og lærerikt. Lærarane var snille og flinke. Når det var overnatting kosa vi oss utover kvelden med fele, toradar og dans.»
Jens Lyngved, 11 år frå Skjåk, toradar
«Eg synest at FolkRekrutt var godt arrangert. Det var artig å spele saman med andre instrument. Det fine var at vi hadde fleire lærarar gjennom året, for da kunne vi lære leiker frå andre stader enn Vågå.»
Ragna Valde Sletten, 16 år frå Vågå, fele
Ofte spurte spørsmål
Kva treng eg å ta med?
Du tek sjølsvagt med det du vil, men skal du overnatte bør dette vere med:
Sovepose
Liggeunderlag
Håndklede
Instrument
Sko til å danse i (om du er dansar)
Eg spelar ikkje noko instrument, kan eg vere med?
Nei, dette prosjektet er retta mot deg som spelar eit instrument. Spelar du toradar eller trekkspel må du ha spelt i to år for å delta. Skal du melde seg på fele, må du ha spelt i eitt år.